April 2012


Posted on 10th april, by Nils-Anders Nøttseter in Nyhende. No Comments

April 2012
No er det avklart, den neste filmfestivalen i Os vert 21. til 28. april 2012!

Våre visjonar

  • Eit solid filmprogram som blandar det høgkommerse, det obskure og det kystkulturelle
  • Ein filmfestival som går utover kinosalen – ein folkefest i heile Osbygda
  • Ein arnestad for dei beste, unge talenta
  • Framleis skapa ein god møtestad for bransjen – staden der alle vil kome, der dei kjenner seg heime og idear vert fødd
  • Store satsingar, stunt og happenings, festar og arrangement som feirar filmen og brukar bygdenoreg og kysten som bakteppe


60°N foreiner fjord- og filmkultur når det skipast til filmfestival i Os. Den går nemleg av stabelen bokstaveleg tala i fjordkanten, inne i det flunkande nye kunst- og kulturhuset Oseana. Men dette er ikkje festivalen som stenger vårsola ute – festivalen skal i aller høgste grad virke også utanfor kinosalen. Med seminar for bransje, filmfestar, filmquiz, barnefilmfest, galla og prisutdeling, og mykje, mykje meir, vil 60°N gjere Os om til eit Cannes, eller kanskje Berlin, i miniatyr.

60°N har røter tilbake den vidgjetne WT-festivalen, som etter ti år med rykte som den mest sjarmerande filmfestivalen i Noreg sette Os på filmkartet. Men med eit heilt nytt og moderne kulturutrykk i Os trong også filmfestivalen å fornya og modernisera seg. Difor er det med ny profil, nytt uttrykk og nytt tidspunkt at den internasjonale filmfestivalen i Os gjenoppstår. Arven vi tek med oss er den unike sjarmen og eksentriske eigenarten, glamour og folkelegheit hand i hand, og erfaringa om at ordet festival i sanning byrjer med fest.

Vår målsetjing er at Os framleis skal vere staden for den mest sjarmerande filmfestivalen i landet, samstundes som vi fornyar både uttrykk og omgjevnader. Velkomen til Os 21. til 28. april 2012!





Følg opp



Glitter og glamour ved fjordkanten

Gløym Cannes, gløym Berlin. Dette er den dagen i året då alle er stjerne for ein kveld.

GALLA OG PRISUTDELING Laurdag 28. april kl. 20:00 Mottaking på...

Programendringar

Her finn du oppdatert informasjon om program.

Somme stundar vert det endringar som vi ikkje kan gjera noko med. Dette beklagar vi, men...

Opningsdagen

Det vart ein kjensleladd opningsdag, med både Rolv Lyssand Bjørø sin film “Skyggelys”, og Luc Besson sitt filmportrett av Aung San Suu...