Den store barnefilmfesten!


Posted on 5th september, by Nils-Anders Nøttseter in Nyhende. No Comments

60°N inviterer kvart år barn i alle aldre til Den store barnefilmfesten!

Barnefilmfest Os internasjonale filmfestival har flytta til våren, men vi held fram med å lysa opp i haustmørkret med denne årlege hendinga. Barnefilmfesten i år vart 60°N sin debut i Oseana, og kva betre måte å gjere vårt inntog i det nye kulturhuset på enn denne storslagne feiringa saman med våre yngste publikummarar? Alle barn får sjølvsagt gratis snop, brus og pizza frå Peppes, medan vi på filmprogrammet som regel byr på ein godbit spesielt oversendt frå vår snille onkel i Disney Norge.

Dette er den definitive filmfeiringa for barn, og det beste av alt? Det er GRATIS entré! Barn i alle aldrar er velkomne til gratis barnefilmvisning. Neste Den store barnefilmfesten finn stad i novemeber 2012, men følg med for eigne barnearrangement under 60°N Os internasjonale filmfestival i april!





Følg opp



Glitter og glamour ved fjordkanten

Gløym Cannes, gløym Berlin. Dette er den dagen i året då alle er stjerne for ein kveld.

GALLA OG PRISUTDELING Laurdag 28. april kl. 20:00 Mottaking på...

Programendringar

Her finn du oppdatert informasjon om program.

Somme stundar vert det endringar som vi ikkje kan gjera noko med. Dette beklagar vi, men...

Opningsdagen

Det vart ein kjensleladd opningsdag, med både Rolv Lyssand Bjørø sin film “Skyggelys”, og Luc Besson sitt filmportrett av Aung San Suu...