Filmen frå badstua


Posted on 16th april, by Bjørn T. Bøe in Film 2012, Nyhende. No Comments

Føraren: Regissør Timo Vuorensola bad sjølv spesifikt om å få visa Iron Sky i Os. Det kunne vi sjølvsagt ikkje takka nei til.

IRON SKY

Festvisning
Tysdag 24.4. kl. 21:00

Regissør: Timo Vuorensola
Produsentar: Tero Kaukomaa frå Blind Spot Pictures, Samuli Torssonen frå Energia, Oliver Damian frå 27 Films, Cathy og Mark Overett frå New Holland Pictures, San Fu Maltha
Manus: Johanna Sinisalo og Michael Kalesniko
Timo Vuorensola har tidlegare laga Star Wreck: In the Pirkinning, kortfilmar, musikkvideoar og reklamefilmar.

Blind Spot Pictures er det finske produksjonsselskapet som er med å realisera Iron Sky. Dei har vore med å laga ei rekkje filmar, m.a. Jade Warrior, Man’s Job, Dancer in the Dark og A Rational Solution.

Energia har ansvar for spesialeffektane i filmen og blei starta av Samuli Torssonen i etterkant av suksessen med Star Wreck.

Iron Sky er ei aldri så lita bragd – laga på dugnad og med kronerulling, men lansert rygg-mot-rygg med dei største frå Hollywood.
Vi har sett på historia bak filmen.

Tekst: Jan-Ove Hansen

Vi er mange som først vart merksame på Iron Sky gjennom YouTube og internett. Regissør Timo Vuorensola seier at så lenge ein er ærleg med folk på nettet så gir dei hjelp på den måten dei kan. Gjev ein drit frå seg, får ein drit tilbake. Vil du ha pengane deira, så be om dei. Vær ærleg, ikkje prøv med smarte triks. Då kan internettet verea nådelaust. Det er ei kollektivt medvit som ikkje kan lurast.

Filmen Iron Sky fekk ein stor tilhengjarskare før den blei laga. Alle tilhengjarane var viktige for å realisera dette prosjektet. Til saman har dei nettbaserte tilhengjarane skaffa inn nesten ein åttandedel av budsjettet – éin million euro av sju og ein halv totalt. Ikkje verst å skaffa så aktive tilhengjarar allereie før filmen er produsert. Men dei som lagar filmen har òg brukt internett til å få idear og merksemd frå denne gruppa av menneske som vil sjå produktet. Tilhengjarane hjelper til på alle måtar dei kan, sjølv om filmmakarane har kontrollen.

Vegen fram
Då regissør Timo Vuorensola og dei andre filmskaparane gav seg i kast med å få på plass finansieringa i 2006, hadde dei ei stor oppgåve framføre seg. Sjølv om Timo Vuorensola hadde laga Star Wreck, med null i budsjett, heime i kjellaren hjå mora, var det viktig å tenkje nytt for å finansiera og ikkje minst verkeleggjera Iron Sky. Dei hadde brukt internett då dei laga Star Wreck, og dei skjøna fort at dei måtte bruka det så mykje dei kunne for å få finansiert og produsert denne nye filmen. Dei starta med å laga ein trailer, som fekk stor merksemd på mellom anna YouTube. Deretter utvikla dei ein genial strategi for å få folk med på vegen fram til ein ferdig film: Fansen har gjeve pengar, kome med innspel til historia, og blitt brukt til å promotera prosjektet. Det er dei som har drive fram merksemda om filmen.

Men, kva er det med nazistar som fengslar oss slik, og kvifor Månen? Dykk langt ned i dei villaste konspirasjonsteoriane på nettet, og du vil finna desse underlege mytene. Myter som fortel at i 1945 hadde nazistane hemmelege våpen som kunne snu krigen, men dei kom for seint til å redda Hitler. Som fortel at nokre av dei mest oppglødde nazistane rømde frå Tyskland og drog til Antarktis, der dei bygde ein hemmeleg base. Som fortel at dei reiste derfrå til Månen, og at dei ein dag vil kome attende og ta over jorda. Produksjonsteamet bak Iron Sky kunne her finna inspirasjon til ei unik historie. Timo sette seg inn i mytene og konspirasjonsteoriane, og la grunnlaget for historia som manusforfattarane deretter utvikla vidare. Med hjelp frå tilhengjarane tok manuset til slutt formen som den viser seg i det ferdige produktet.

Nazistane er i grunn ypperlege å ha med i ein film som dette. Dei gjev oss nokon å hate, og dei legg eit godt grunnlag for ei svart komedie. Ei komedie som faktisk starta i ei badstue. Ideen til prosjektet kom medan Timo og kameratane tok ein badstupause frå arbeidet med Star Wreck. Der hadde Jarmo Puskala ein merksnodig idé om nazistar på den mørke sida av Månen. Då Star Wreck var ferdig, fann dei ut at konseptet rett og slett var for bra til ikkje å brukast. Regissøren meiner at ein ikkje kunne laga noko anna enn ein komedie med eit tema som nazistar på Månen. Nazistane er, seier Timo, eit døme på menneske som vil forandra andre menneske til å bli lik seg sjølve. Han set dei opp mot folk som kjem med nyvinningar og trår opp nye stiar, dei som er menneske som skapar utvikling – noko nazistane nærmast gjer det motsette av.

Valkyrienes ritt: Sjølv om IRON SKY er laga på dugnad er effektene fullt på høgde med den gjengse Hollywoodeffektfilm.

Teknologisk filmrøynd
Sjølv om 7,5 millionar Euro er mykje pengar, så er det lite når ein ser på budsjetta til dei store Hollywood-filmane. For å oppnå kvaliteten dei ville ha, måtte teamet bruka mykje CGI – dataanimasjon. Ikkje minst sidan Iron Sky si handling er lagt til Månen og verdsrommet, som er umogleg å filma. Nesten alt som er lenger enn fem meter vekk frå skodespelarane, er eit resultat av animasjon, og det er CGI-programvare brukt i kvart bilde av filmen. Iron Sky har like mykje CGI som den nyaste Transformers-filmen, og CGI kostar mykje pengar.

For å byggja riktig opp under filmen si atmosfære, prøvde filmskaparane òg å få med dei slovenske musikk- og performancekunstnarane Laibach. Dei var ikkje lette å få i tale. Timo prøvde å koma i kontakt med dei etter ein konsert, men industrirockarane kasta det handskrivne brevet, samt filmmaterialet som teamet hadde lagt ved, rett i søpla utan å ofra det eit augekast. Men han gav ikkje opp, og det viste seg at han kjende ein som delte kontor med dei. På denne måten fekk han innpass hos musikarane. Laibach har laga musikken til filmen, og hjelper mykje med å få fram stemninga som produksjonsgruppa ynskte.

Verda rundt
Timo Vuorensola reiser no rundt i heile verda, og vi gler oss til at han skal vitja Os i samband med filmfestivalen. Han har blitt ein etterspurd føredragshaldar over heile verda, og mange vil vita korleis han fekk til prosjekt som til dømes Iron Sky. Og det er ikkje det einaste prosjektet til Timo og venane: Medan dei heldt på med Star Wreck, lanserte dei nettsida wreckamovie.com. Her kan filmskaparar av alle kaliber få og gje kvarandre hjelp og tilbakemelding. Idear vert kasta fram og tilbake, og på denne nettstaden får dei liv. Dei meir eller mindre ferdige produkta vert nemleg lagt ut på nettstaden – både filmar, musikkvideoar, operaer og til og med dataspel. Staden er ein kreativ leikeplass.

Iron Sky har blitt noko stort, både i kraft av seg sjølv og på grunn av lur marknadsføring. Frå ein sprø idé, vaks historia ut frå badstua og inn på nettet. Der skapte ideen sin eigen dynamikk, og si eiga verkelegheit. Mange andre filmar har òg gjort dette, men her har vi noko som ein trygt kan kalla for eit fenomen. Eit fenomen som kan visa vegen framover for filmproduksjonen. Eit fenomen som styrer vekk frå dei store selskapa og følgjer stega til dei som skal dømma filmen: Publikummet.





Følg opp



Prisvinnarar 60°N:2012

Både publikum, gjestar og forståsegpåarar har vore skjønt einige; 60°N har hatt det sterkaste og beste programmet i filmfestivalen i Os si lange historie....

Glitter og glamour ved fjordkanten

Gløym Cannes, gløym Berlin. Dette er den dagen i året då alle er stjerne for ein kveld.

GALLA OG PRISUTDELING Laurdag 28. april kl. 20:00 Mottaking på...

Programendringar

Her finn du oppdatert informasjon om program.

Somme stundar vert det endringar som vi ikkje kan gjera noko med. Dette beklagar vi, men...