Glitter og glamour ved fjordkanten
Gløym Cannes, gløym Berlin. Dette er den dagen i året då alle er stjerne for ein kveld.
GALLA OG PRISUTDELING
Laurdag 28. april kl. 20:00
Mottaking på Færingen frå kl. 18:00

Festivalen har alltid hatt fokus på ordet FEST i filmfestival, og tradisjonen tru kulminerer 60°N med eit spektakulært gallashow. Bli med oss den raude løparen. Opplev blitzregnet ikledd din flottaste finstas, kjenn deg som ei stjerne med sprudlevatnet i neven, og nyt glitter og glamour side om side med våre celebre gjestar.
Solid program
60°N har ny konferansier, den vidkjend festlege Anne Marie Aarøen Vangsnes, som vil leia eit førsteklasses show fylt til randen med kjende artistar, humor, glamour og underhaldning i alle formar. ORBO opptrer sjølvsagt, og det same gjer Annveig Myklebust Fjellstad. I tillegg har P3-favoritt Shaun Bartlett fått fri frå The Voice for å opptre på gallaen. Men det sluttar ikkje der. Sjølvaste William Hut opptrer også, og frå Os Rock City kjem ingen ringare enn King Calling med dei feitaste riff inspirert frå 70- og 80- talet. Som prikken over i-en vil Fonos bidra med smakebitar frå sitt svært varierte og utradisjonelle repertoar.
Ingen galla utan prisutdeling!
Dei tradisjonelle prisane for Beste spelefilm, Beste kortfilm, Beste dokumentar vert sjølvsagt delte ut, i tillegg til den nye prisen Beste nye talent. Sølvkvisten, 60°N sin Grand Prix og æresprisen av Márton Váró er sjølvsagt med. Prisane vert delte ut av representantar frå filmfestivalen.
Så trekk i finstasen, ta turen til Oseana og bli med ned den raude løparen til ein aften med glamour, film og fest!
Billettar
Gallaen er open for alle, men i motsetnad til i Fjelleheim treng ein billett. Desse kan tingast på Billettservice eller kjøpast direkte i Oseana. For dei som saknar gratisarrangementa i gamlekåken kan vi forsikra om at det til gjengjeld vil sjåast at det no kostar pengar!
Elles er alt som før. Glitter og glamour i symbiose med folkelegheit og sjarm. Alle som ein er inviterte, men hugs at det kan bli utseld.
Hjarteleg velkommen!

English
Nynorsk