Iron Sky


Posted on 8th February, by Nils-Anders Nøttseter in Film 2012. 1 Comment


Storfilmen Iron Sky og regissør Timo Vuorensola kjem til Os og 60°N!

Timo Vuorensola


Originaltittel: Iron Sky
Regi: Timo Vuorensola
Skodespelarar: Julia Dietze, Götz Otto, Christopher Kirby, Udo Kier
Musikk: Laibach
Kategori: Spelefilm
Genre: Komedie, Sci-Fi
Land: Australia/Finland/Tyskland
Distribusjon: Euforia Film
Produksjonår: 2012
Speletid: 01:33:00
Visningstid: Tysdag 24. april 21:15

60°N er stolte av å presentere ein av dei mest påventa filmane i 2012 – IRON SKY. Filmen har premiere under filmfestivalen i Berlin, og er allereie seld til 30 land – deriblant Noreg. Visninga under 60°N blir ein eksklusiv festpremiere med pomp og prakt. Regissør Timo Vuorensola gjestar visninga, og vil vere til stades under festivalen.

Når den amerikanske astronauten James Washington (Christopher Kirby) landar månen, oppdagar han ein gigantisk nazibase gøymd på månen si bakside. Her har nazistane i 70 år planlagt å vende attende til jorda som ein invasjonsstyrke, etter at dei flykta hit i løyndom etter 2. verdskrig. Når Washington bli teke til fange, bestemmer Måneführeren (Udo Kier) seg for at augneblinken har komen. Medan nazioffiserane Klaus Adler (Götz Otto) og Renate Richter (Julia Dietze) vert sendt av garde til jorda for å førebu invasjonen, og innom kort vil jorda mørknast i skuggen av ein armada med romzeppelinarar og UFOar. Men Washington og hans kvinnelege fangevaktar fell for ein annan; kan dei stoppe invasjonen? Kvar mann, kvinne og nasjon må revurdere sine prioritetar når romnazistane invaderer!

Filmen er skriven av Johanna Sinisalo, ein av dei framste science-fictionforfattarane i Finland, og Michael Kalesniko, manusforfattar av m.a. Howard Stern’s edlere deler, og musikken er signert industrial-legendene Laibach.

Timo Vuorensola er ein finsk regissør. Han brukte sju år på sin første spelefilm, sci-fikomedien Star Wreck: In the Pirkinning. Han har også regissert kortfilmar, musikkvideoar og reklamefilmar. Han er intereressert i å finna nye måtar å tilnærme seg filmbransjen, og har reist verda over for å halde foredrag om korleis bruke internettsamfunn i filmproduksjon. Timo gjesta WT-festivalen i 2008, med Star Wreck og foredrag, og mottok spesialprisen Jan Phanta Award for Futuristic Innovation.

http://www.ironsky.net

Offisiell trailer:

Eksklusiv trailer i høve premiera i Berlin, med melding frå regissøren til slutt:





One Response to “Iron Sky”

  1. Filmen går inn under kategorien “kan ikkje vere dårleg!”. Evt. inn i dokumentarsjangaren, men… ikkje før om nokre år. Dei kjem. Eg kjenner det på gikta.

Følg opp



Glitter og glamour ved fjordkanten

Gløym Cannes, gløym Berlin. Dette er den dagen i året då alle er stjerne for ein kveld.

GALLA OG PRISUTDELING Laurdag 28. april kl. 20:00 Mottaking på...

Programendringar

Her finn du oppdatert informasjon om program.

Somme stundar vert det endringar som vi ikkje kan gjera noko med. Dette beklagar vi, men...

Opningsdagen

Det vart ein kjensleladd opningsdag, med både Rolv Lyssand Bjørø sin film “Skyggelys”, og Luc Besson sitt filmportrett av Aung San Suu...