Ny start, same ideologi
Mykje er annleis når filmfestivalen i Os startar med blanke ark laurdag 21. april. Nytt namn, ny årstid og nye lokale er noko av det som skil fortida frå notida. Den uhøgtidelege atmosfæren, engasjementet og idealismen er likevel som før.
Tekst og foto: Camilla Kvamme
– På den raude løparen på 60°N er alle stjerner, understrekar programdirektør Bjørn T. Bøe.
Festivalleiinga har gjort mange endringar sidan WT Os internasjonale filmfestival stengte dørene for siste gong i november 2010. Men posisjonen som landets mest sjarmerande festival tviheld filmentusiastane på.
–60°N er ein VIP-fri festival. Filmskaparane minglar med publikum i ei uformell setting. Alle som vitjar festivalen er like mykje verdt, seier Bøe.
Og slik vert det òg i år, sjølv om namnet, adressa, og forhåpentleg vêret, er av eit anna slag enn osingane er van med frå filmmaratonet i Os.
– Den største endringa er at vi er nøydde til å ta betalt for filmopplevingane. Årsaka er at utgiftene til festivalen vart større då arrangementet vart flytta frå Fjellheim til Oseana kunst- og kultursenter, fortel festivaldirektør Ole Henning Bøe.
Festivaldirektøren understrekar at festivalen har god støtte frå det lokale næringslivet og frå Os kommune. Prisane er difor langt frå avskrekkande: 470 kroner for festivalpass, og 150 kroner for eit dagspass.
– Det var ingen veg utanom, seier han og legg til:
– Eg må innrømma at det skjer litt i hjarta våre å måtta forlata gratiskonseptet. Samstundes gjev billettinntektene oss høve til å utvida og vidareutvikla festivalen. Tilbakemeldingane frå publikum har vore utelukkande positive.
Blanke ark
Då Fjellheim vart bytt ut med Oseana, bestemte festivalleiinga seg for å starta på nytt – 13 år etter at den fyrste filmfestivalen såg dagens ljos i Os-bygda. Tanken var at potensialet til det nye kulturhuset skulla nyttast til det maksimale.
– Når vi fyrst har eit så flott bygg i sjøkanten i Os, ønskte vi å arrangera festivalen på ei anna tid av året. Håpet er at det vert lettare å lokka folk opp frå den lune sofakroken i april enn i november. Samstundes opplevde vi at tidspunktet for Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) kraup stadig nærare tidspunktet for WT Os Internasjonale Filmfestival. Vi bestemte oss for å starta på nytt med ein heilt ny profil, fortel Ole Henning Bøe.
For å halda kontinuiteten oppe, arrangerte filmentusiastane tradisjonen tru, barnefilmfestival i november. Deretter starta arbeidet med den »nye» festivalen.
– Det har vore veldig mykje å gjera. Mykje meir enn vi var førebudd på, seier Bøe.
Famnar breitt
Fire veker før festivalstart byrjar brikkene i puslespelet endeleg å falla på plass. På programmet står alt frå trekkplaster som Attack the Block og Irvine Welch’s Ecstasy til lokale Rolv Lyssand Bjørø sin kortfilm «Paradox». Publikum kan dessutan få med seg foredrag av medievitar Alex Iversen, filmklubbentusiast Erlend Rydning og film- og fjernsynskomponist Raymond Enoksen. Dei to fyrstnemnde føredraga tek føre seg høvesvis det amerikanske TV-dramaet si utvikling og den britiske TV-humoren på 1980-talet.
– Om 60°N skal verta ein levedyktig festival, er festivalen nøydd til å verta større, påpeikar festivaldirektøren.
Ole Henning Bøe får støtte frå kompanjong og søskenbarn Bjørn T. Bøe, som har hatt både »kvermansen» og det meir kresne publikummet i tankane når han har sett saman årets festivalprogram.
– Vi har i større grad enn tidligare vore på jakt etter filmar som er av interesse for folk flest. Sjølv om vi gjerne vil ha spanande og spesielle filmar som ein ikkje kan sjå andre stader, er det eit uttalt mål at programmet ikkje skal vera ekskluderande på nokon som helst måte, men famna så breitt som mogeleg, fortel Bjørn T. Bøe.
Festivaldirektøren er godt nøgd med resultatet.
– Vi har som vanleg eit breitt og fint program med kvalitetsfilm, seier han.
Edruelege mål
Ved om lag 60 grader nord ligg den fagre bygda me kjenner så vel – Os-bygda. Breiddegraden er opphavet til det nye festivalnamnet.
– Vi synest det var eit fint omgrep, og det er eit namn som skildrar arrangementet på ein god måte. Då festivalen heitte WT Os Internasjonale Filmfestival var det mange som ikkje skjønte kva det stod for, og kvifor den heitte det, fortel Ole Henning Bøe.
Men det internasjonale preget gjev ikkje filmentusiastane slepp på.
– Me heiter framleis Os Internasjonale Filmfestival, understrekar festivaldirektøren.
Dei to direktørane innrømmer at det ikkje berre har vore enkelt å rykka tilbake til start. Den største utfordringa har ifølgje Bøe-ane vore å få tida og økonomien til å strekkja til, og å få aksept frå folk som ikkje kjenner til filmgjengen og engasjementet deira frå før av.
– Sidan vi starta nesten på bar bakke har vi ikkje hatt pengar til å delta på festivalar der vi kunne ha henta filmar som passar vårt publikum. I tillegg har det vore vanskeleg å overtyda bransjefolka – som vi ikkje alt kjenner – om at det er verdt å visa film for eit publikum som bur utanfor Ring 3 i Oslo, seier Bjørn T. Bøe.
Men sjølv om det er billettsalet som avgjer den vidare skjebnen til 60°N , trur festivalleiinga at dei har klart å setja seg edruelege mål.
– Tidlegare har vi fått inn alle pengane på førehand. No kan ein eventuell svikt i billettsalet i verste fall føra til at vi må setja kroken på døra. Det vert spanande å sjå kva utfallet vert. Vi kjem nok til å tenkja litt på det undervegs, slår festivaldirektøren fast.
Draumescenario
Sola skin, bølgjene slår mot svaberget, og osingane nyt utsikta over Bjørnefjorden før kinomørkret ventar i storsalen. Dette er draume-scenarioet for festivalleiinga når 60°N går av stabelen for fyrste gong frå 21. til 28. april.
– Håpet er at festivalen skal verta ein publikumssuksess og ein folkefest for osingane. Det hadde vore utruleg kjekt om vi hadde klart å bevisa at vi kan gjennomføra ein åtte dagar lang festival i Oseana, seier Ole Henning Bøe.
Programdirektøren har i alle fall ei klar oppfordring til filmpublikummet i Os.
– Tenk på filmfestivalen som ein musikkfestival. Du kjem på grunn av dei store namna, men det er dei små, og hittil ukjende namna som gjer at du blir, og som når festivalen er over står attende som dei beste opplevingane, seier Bjørn T. Bøe.
One Response to “Ny start, same ideologi”
Følg opp
[...] – Den største endringa er at vi er nøydde til å ta betalt for filmopplevingane. Årsaka er at utgiftene til festivalen vart større då arrangementet vart flytta frå Fjellheim til Oseana kunst- og kultursenter, fortel festivaldirektør Ole Henning Bøe til festivalavisa til 60°N. [...]

English
Nynorsk
[...] – Den største endringa er at vi er nøydde til å ta betalt for filmopplevingane. Årsaka er at utgiftene til festivalen vart større då arrangementet vart flytta frå Fjellheim til Oseana kunst- og kultursenter, fortel festivaldirektør Ole Henning Bøe til festivalavisa til 60°N. [...]