Opningsdagen
Det vart ein kjensleladd opningsdag, med både Rolv Lyssand Bjørø sin film “Skyggelys”, og Luc Besson sitt filmportrett av Aung San Suu Kyi, The Lady.
Båe filmane var sterke forteljingar, og sjølv om dei tilsynelatande virka svært fjerne – “Skyggelys” er Rolv sine eigne minne om at bestevenane si mor gjekk bort, og The Lady handlar om Aung San Suu Kyi sin kamp for demokrati i Burma – så var det felles underliggjande motivet om ei mor som vart borte frå familien sin. Til visninga hadde vi som æresgjestar både menneskje som kjende historia Rolv fortalde, mellom anna familien som er portrettert i filmen, og over 30 eksilburmesarar med fleire som kjenner historia i The Lady personleg. Ei av desse var Kaythie Aye, som i tillegg til å ha delteke i studentopprøret i Burma, vart fengsla i tolv år. Kai Grieg frå FN-sambandet introduserte både Aye og filmen, og laga ei god ramme rundt visninga basert på lidskap for Aung San Suu Kyi og rettferd og demokrati i Burma. Det var bokstaveleg tala ikkje eit tørt auga som kom ut av kinosalen, og mange måtte rett og slett gå heim før dei såg meir film, då dei to opplevingane på rad vart så sterke.
Nettavisa Midtsiden var tilstades og dokumenterte delar av opninga:
Seinare på dagen presenterte Alam Ali kortfilmen “Date Setters”, og vi får vona at filmen, som er ypperleg, ikkje påverka publikum på same måte! Godt motteke vart den i alle fall, og vi er svært glade for å ha Alam på vitjing.
På vitjing er også iren Steve Earls, med kortfilmen “Bulldog”. Filmen gjev oss eit nytt perspektiv på kva som skjer med ein som vert mobba, og også dette vart opplevd som ei personleg historie. Fleire vi snakka med etter visninga synast filmen traff ganske bra heim hjå dei, og “Bulldog” er ein av filmane det ryktast at juryen har på kortlista si til Beste kortfilm. Om neste film ut, eMANNzipation, er sjølvopplevd, har vi ikkje turd å spørja regissør Philipp Müller-Dorn om enno – den handlar nemleg om vald i heimen – - der mannen er offeret. Philipp introduserte sjølv filmen, og med tanke på den joviale framtoninga hans får vi trekka konklusjonen om at det i verste fall er basert på nokon han kjenner. Filmen fekk masse god tilbakemelding av publikummarar som kom opp til Philipp etter visninga, mellom anna lova kjendisbloggaren Mad Mullah Hastur at han ville skriva om filmen i sin blog. Som ein del av 60°N sin eigenart er det ingen VIP-sonar, og publikum får møta og sosialisera med filmskaparane. Dette gjorde at både Rolv, Alam, Steve og Philipp fekk direkte tilbakemeldingar frå sitt publikum, både i foajeen, på festivalrestauranten Færingen, og etterpå på Os biljard- og sportsbar, der opningsdagen vart avrunda med nattkinovisninga av A Little Bit Zombie og nokre rolege pils.

English
Nynorsk