Programendringar
Her finn du oppdatert informasjon om program.
Somme stundar vert det endringar som vi ikkje kan gjera noko med. Dette beklagar vi, men vi gjer alt for at vårt publikum skal få best mogleg festivaloppleving. Vi refunderer diverre ikkje dagspass dersom nokon opplever at filmen dei skulle sjå vart flytta. Vi er sikre på at filmopplevinga likevel blir bra!
Programendring: WANING som skulle gå 23.4. kl 20:35 til 24.4. kl 17:15.
Programendring: Static” som skulle gå laurdag 21.4. kl 19:40, og filmen “Places Other People Have Lived” som skulle gå søndag kl 22.04. er båe flytta til måndag, kl. 17:15 og 17:20.
Programendring: SUPPORTING CHARACTERS går ut 22.4. 19:20 og er flytta til 23.4. kl 17:20!
Programendring: MALAKI – SCENT OF AN ANGEL vert flytta frå i morgon (23.4. kl 17:30) til i dag (22.4.) kl 19:20!
Endring: Quiz har blitt flytta frå 19:00 til 23:00 torsdag 26.4.
Ekstravisning: THALE tysdag 24.4. kl 15:00. Etter filmen vil det bli haldt ein samtale med produsenten Bendik Heggen Strønsdtad, Iron Sky-regissør Timo Vuorensola og folklorist Kristian A. Bjørkelo, på Færingen.
Presisering, gratispass: Festivalpass torsdag 26.4. er GRATIS, men det er begrensa antall, og desse må avhentast på Playcom Amfi Os, Oseana eller Outland i Bergen!
Programkorreksjon: På side 31, under overskrifta “Trendsetjing” greidde vi å skrive at Alam Ali sin film “Date Setters” har tidlegare vore vist på Charleston International Film Festival i USA, og Kortfilmfestivalen i Grimstad. Det er ikkje korrekt då filmen har Noregspremiere på vår festival (som forfilm til Runaway laurdag 21. april). Hans tidlegare filmar har vorte vist, og vil verte viste, fleire stader.
“November” – Grimstad og Charleston Internasjonal Film Festival.
“Nesting Place” – Minimalen Trondheim og Grimstad 2012.
Programkorreksjon: På side 13 i avisa om IRON SKY står det i den grøne boksen av visninga er onsdag. Det er feil, visninga er som i programoversikten tysdag 24. april klokka 21.00

English
Nynorsk