Supporting Characters


Posted on 7th February, by Nils-Anders Nøttseter in Film 2012. No Comments

This post is also available in: English

NY TID! Måndag 23.4. kl 17:30

Supporting Characters

Dan Schechter

Dan SchechterDaniel Schechter skreiv og produserte spelefilmen The Big Bad Swim i 2006, som hadde premiere på Robert DeNiro sin filmfestival Tribeca. Regidebuteten hans, den prisvinnande spelefilmen Goodbye Baby, debuterte på Slamdance. Schechter fekk også heiderleg omtale for filmen av juryen på WT-festivalen i 2008..

 Daniel Schechter er eit namn å følgja med på, og dei som får med seg Supporting Characters vil forstå kvifor.

Som i hans siste film Goodbye Baby (WT-festivalen 2008) får vi eit kryssnitt frå liva til nokre unge newyorkarar, denne gongen Nick og Darryl, som er bestevener, og jobbar saman som filmklipparar.

Eit haltande filmprosjekt dannar bakteppe for forviklingar i liva deira. Darryl sin nye flamme er kontrollerande, manipulerande og moglegeins utro, medan Nick, som i tillegg til å ha ein deprimert og kjenslemessig utmattande kjærast, utviklar ei uheldig interesse for stjerna i filmen.

Sjølv om dette er ein romantisk komedie er det ikkje ein film gutane treng å skygga unna. Dette er definitivt ein film som passar like godt for båe kjønn, og er det perfekte kompromiss for eit kvart par.

Schechter sitt neste prosjekt er for øvrig krimkomedien The Switch, basert på Elmore Leonard-romanen med same namn, forløparen til Quentin Tarantino-filmen Jackie Brown. Jennifer Anniston, Dennis Quaid, Mos Def og John Hawkes er allereie knytte til prosjektet, og dette vert utvilsamt gjennombrotet til Daniel Schechter.

 

SUPPORTING CHARACTERS

Regi: Daniel Schechter
Skodespelarar: Alex Karpovsky, Tarik Lowe, Arielle Kebbel, Kevin Corrigan, Lena Dunham
Kategori: Spelefilm
Land: USA
Distribusjon: N/A
Produksjonsår: 2011
Speletid: 01:29:00

Nick og Darryl er bestevenar, og jobbar saman som filmklipparar. Eit haltande filmprosjekt dannar bakteppe for forviklingar i liva deira. Darryl sin nye flamme er kontrollerande, manipulerande og moglegeins utro, medan Nick, som i tillegg til ein deperimert og kjenslemessig utmattande kjærast, utviklar ei uheldig interesse for stjerna i filmen.





Følg opp



Glitter og glamour ved fjordkanten

Gløym Cannes, gløym Berlin. Dette er den dagen i året då alle er stjerne for ein kveld.

GALLA OG PRISUTDELING Laurdag 28. april kl. 20:00 Mottaking på...

Programendringar

Her finn du oppdatert informasjon om program.

Somme stundar vert det endringar som vi ikkje kan gjera noko med. Dette beklagar vi, men...

Opningsdagen

Det vart ein kjensleladd opningsdag, med både Rolv Lyssand Bjørø sin film “Skyggelys”, og Luc Besson sitt filmportrett av Aung San Suu...