Thale

Torsdag tok vi turen til Bergen Filmfest, for å bivåna festpremieren av filmen Thale. Her kan du lese korleis vi opplevde dét.
Filmen er laga av våre gode vener i Yesbox, og både regissør Aleksander Nordaas, produsent Bendik Heggen Strønstad, og fleire av skodespelarane, inkludert Silje Reinåmo som trakterer den eponyme Thale, figurerte også i kortfilmen “Bak lukkede dører“, som vann Beste kortfilm på WT-festivalen i 2008.
Som med “Bak lukkede dører” er det ei forteljing med mange lag Aleksander vevar oss inn i. Han visar heilt klart at han er ein meisterleg forteljar, som veit å halde attende framfor å smøre tjukt på, og han demonstrerer svært godt korleis ein både kan leike med og bryte ned konvensjonar i filmfaget. Det er den subtile, uventa og stilsikre biletkomposisjonen, saman med måten Reinåmo blir framstilt på, som imponerer mest. Samspelet mellom regissør og hovudrolleinnehaver er som å vere vitne til to fortrulege dansepartnarar. Reinåmo figurerer stort sett utan ein tråd i store deler av filmen, men Nordaas er aldri i nærleiken av å falle for fristelsen å gjere det gratuitøst. Dette er derimot smakfullt, kunstnarisk og vakkert. Dei øvrige skodespelarane, Erlend Nervold, Sigve Skard og Morten Andresen, må heller ikkje gløymast. Det er så befriande å sjå nye andlet på film som visar så tydeleg at dei høyrer til på lerretet. Norsk film treng fleire dugelege skodespelarar for å få meir variasjon, og det er berre å sjå til Thale for å fylle nye rollar i andre prosjekt.
Nordaas er også svært var med korleis han møysommeleg avdekkjer nye fasettar i historia. Det er nesten tragisk at vi på førehand veit kva filmen handlar om – at premisset er blåst – fordi sjølv om filmen på ingen måte lid av at publikum skjønar meir enn hovudpersonane, kan eg ikkje hjelpe for å forestille meg korleis det må vere for ein publikummar som ikkje kjenner til tematikken, går inn med blanke ark og ope sinn.
Som det var, visste alle kva dei gjekk til, men det tok på inga måte noko bort frå opplevinga. Premieren var sågar godt ramma inn med eit minishow med forføreriske dansarar til Raymond Enoksen sin mørke og svært stemningsskapande musikk. På tidspunkt vart musikken heilt stille, og dansarane fraus; ein kunne høyrt ei knappenål falle i kinosalen. Ingen knasing av baconcrisp eller rasling med godteposar - publikum sat passande nok trollbunde.
Etter visninga var det mottaking på Soho, der alle fekk sjampis og sushi. Festivalen sin hobnobbingsansvarleg Tarjei påpeikte spøkefullt at det kanskje hadde vore meir passande med oksehalesuppe, medan han gafla innpå makizushi. Og det var i denne svært hyggelege atmosfæra at nyhendene om terningkast fem i BT nådde filmskaparane og deira gjestar, og etter dette flaut sjampisen fritt fram til Soho heiv alle på dør ved midnatt.
Vi i 60°N er svært stolte av våre gode vener, og glade for at vi fekk delta på denne feiringa. Det var heilt klart i 60°N si ånd, og då veit vårt sedvanlege publikum at det betyr suksess. Vi kjem til å trufast følgje med på denne filmen sin komande suksess, og hever våre sjampisglas for dét.
Sjå Bergens Tidende sin 5-aranmelding her.
Trailer:


English
Nynorsk