The Cheer Ambassadors
Følg den herlege gjengen på det thailandske landslaget i cheerleading mot alle odds på vegen mot verdsmeisterskapet i Orlando, Florida!
THE CHEER AMBASSADORS
Måndag 23.4. kl. 19:00
I 2009 overraska Thailand verda ved å ta andreplassen i VM i cheerleading i Florida. Fire kontinent og 38 nasjonar var representerte, blant dei vertsnasjonen, som har praktisert cheerleading sidan 1898. Til samanlikning vart idretten innført i Thailand i 1995.
Sidan sporten er relativt ukjend i heimlandet var laga stort sett sjølvlærte, og heile bragda var eit produkt av kjærleik og entusiasme. Utøvarane sat gjerne oppe heile natta for å få med seg reportasjar og konkurransar på utanlandsk fjernsyn som amerikanske ESPN, dei spelte inn videokassettar som sirkulerte mellom medlemmane, og kvar einaste bilete vart nitidig studert for å få detaljane rett.
Med lite merksemd frå skular og idrettsklubbar måtte også øvingane takast når det passa. Og tryggleiksspørsmål vart stort sett fullstendig ignorert heilt til i 2005, då studentar ved Chonburi og Ayutthya døydde i ulukker forårsaka av menneskelege pyramidar.
I 2001 vart det thailandske cheerleadingforbundet (TCA) stifta for å fremja utviklinga av sporten under meir kontrollerte og organiserte tilhøve.
At Universitetet i Bangkok i det heile kom seg til VM i 2009 er eit prov på dugleik en og drivkrafta deira. Etter å ha vunne den nasjonale finalen i 2008 måtte dei likevel leggja seg enno sterkare i selen, då berre logistikken med å få laget til verdsmeisterskapet i Orlando ville kosta $100 000. I tillegg måtte TCA sin praksis omarbeidast til å passa ICU-forskrifter. Med 12 timars tidsskilnad byrja laget å leva på amerikansk tid for å unngå jetlag. Opp klokka 18:00 og i seng klokka 8:00.
Laget var utvilsamt underdog då dei nådde konkurransen. The Cheer Ambassadors følgjer historia frå medlemmane i klubben sitt perspektiv, i tillegg til innspel frå trenarar, foreldre, sosiologar og thailandske medier. Intervjua blir vevd inn videoopptaka frå 2008-2009-treningane, den nasjonale konkurransen i 2008, og i verdsmeisterskapet.
Med lite pengar og trening som hovudsakleg kom frå Youtube skal The Cheer Ambassadors frå Thailand konkurrera med dei godt finansierte laga med over 100 års historie…
Produsent Jason Best kjem til festivalen.


English
Nynorsk