Topp 12 filmar vi gjerne skulle ha vist


Posted on 11th February, by Bjørn T. Bøe in Nyhende. No Comments

I påvente av Iron Sky har vi bedt programsjefen plukka ut 12 filmar vi absolutt burde ha vist!

Götz Otto og Peta Sergeant i Iron Sky

60°N er som regel stolte av å kunne visa knallgod film du aldri har høyrd om før, spesielt dersom filmane i ettertid visar seg å bli store suksessar (kven ville ikkje vore stolte av dét). Men opp gjennom åra har vi anten ofte lent oss for mykje på det vi får inn gjennom påmelding, framfor å aktivt søkje ut film sjølv, eller hamna i ein situasjon der indie-filmane allereie er blitt for store for oss gjennom andre festivalar. Frå i år av endrar dette seg; ikkje berre er festivalen på eit meir gunstig tidspunkt for å snappe opp filmatiske godbitar, men vi har óg blitt mykje større, og vi går no aktivt ut og hentar inn film vi meinar er viktig å få med seg.

Med dette i mente, og medan vi ventar som dei spente små barna vi er på at Onkel Timo og filmen hans Iron Sky skal vitje oss i april, bad vi programsjefen plukke ut 12 filmar han angrar på at gjekk hus forbi filmfestivalen før dei dukka opp på kino. Han påpeiker at denne lista langt frå er perfekt, men er det han kom opp med på ståande fot då vi spurde.

Vi vil óg svært gjerne høyre kva de der ute, som faktisk er dei som skal sjå alle desse filmane, skulle ønskje filmfestivalen hadde plukka opp. Programsjefen lovar å sjå over forslaga, og så lage ei ny og forbetra liste over filmane vi burde ha vist. Og kven veit, kanskje vi kan få til “nostalgi”-visning i framtida med titlar frå lista? Vi trekkjer ein tilfeldig bidragsytar i kommentarfeltet som blir premiert.

Vi avgrenser oss til filmar frå dei åra filmfestivalen har vore aktiv, med 2001 som startdato; det var nemleg det året festivalen blei internasjonal.

12. Lars and the Real Girl (2007)
Denne verkelege gullklumpen av ein film var filmen som fekk oss til å opne augene for kor ufatteleg god skodespelar Ryan Gosling (som som kjent vart “snubba” for Oscarnominasjon for Drive i år) er. Her møter vi ein totalt utilpass kar i ein bitteliten og forfrossen småbygd som tek i bruk alternative metodar for å finne seg nokon å dele livet med. Programsjefen såg filmen på Kosmorama i 2008, og sparka seg sjølv for å ikkje ha kjend til den i november i 2007.

11. Sideways (2004)
Alexander Payne (The Descendants) var allereie godt kjend for About Schmidt (2002) då han regisserte denne godbiten med Paul Giamatti og Thomas Hayden Church. Det var særleg sistnevnte, som fleire medlemmar i programkomiteen vår har vore fan av i fleire år, som fekk oss til å ville sjå den. Blandinga av glitrande situasjonskomikk, herlege karakterar, lunefulle omgjevnadar og nyting av vin, gjorde dette til ein perfekt film for vår festival og vårt publikum.

10. City of God (2002)
City of God small inn på norske kinoar med eit brak i juli i 2003 var det svært få som nokon sinne hadde sett ein brasiliansk film før. Med sine brutale beskrivingar om livet i favelaen og med nesten utelukkande ikkje-profesjonelle skodespelarar, var dette årets must-see film.

9. Brokeback Mountain (2005)
Nok ein film som slo igjennom lenge før festivalen, og som dessutan nok allereie var for stor. Ang Lee regisserer og Heath Ledger og Jake Gyllenhaal figurerer. Men den hadde trekt godt med folk til Fjellheim, og dette er jo ei ønskeliste.

Vi kan ikkje inkludere denne filmen utan å ha med vår favorittversjon av traileren:

8. Memento (2000)
I dag er regissør Christopher Nolan rekna som ein av verdas desidert største innan bransjen, men då han laga Memento i 2000 hadde han berre éin film under beltet, ultralågbudsjettsfilmen Following frå 1998. Memento kan trygt seie å ha etablert Nolan si karriere (det er også den første filmen Nolan brukar sin etter dette faste filmfotograf Walter Pfister, mannen ansvarleg for den lekre utsjånaden i Nolan sine filmar), og som vi veit følgte han opp Memento med remake av den norske filmen Insomnia i 2002.

7. Mamma Mia! (2008)
No er det sikkert nokon som er sjokka og overraska over å sjå denne filmen på lista, og ikkje Ringu, Tucker and Dale vs. Evil, eller Zombieland. I tillegg hadde Mamma Mia! full kinodistribusjon før filmfestivalen, så det burde jo effektivt diskvalifisere den. Så kvifor er den med? Jo: finst det ein betre film å lage den utvida kinoopplevinga til? Kinoar landet over køyrde allereie full sing-along på denne, men tru om ikkje luringane frå Os hadde klart å gjere enno meir ut av det… Sjølv om dette langt i frå er ein favoritt blant dei fleste programkomitemedlemmane, kan vi ikkje unngå å drøyme om kor stort nummer vi kunne gjort av dette. Kanskje den beste grunnen er jo at det først og framst er publikum vi lagar festival for, så sjølv om vi gjerne skulle sett Tucker and Dale vs. Evil på vår eigen festival, er det ikkje sikkert så mange andre hadde kome…

6.Bubble (2005)
Regissør Steven Soderbergh (Traffic, Oceans-filmane) var nok allereie for stor for oss då denne filmen kom ut, men som så mange av Soderbergh sine “innimellom-blockbusterane-prosjekt”-filmar, kom den ikkje på kino i Noreg. Filmen handlar om tre arbeidarar på ein dukkefabrikk i ein liten småby i midtvesten, som viklast inn i eit mord. Som City of God, var ingen av skodespelarane i Bubble profesjonelle – i staden brukte Soderbergh innbyggjarane som faktisk budde i byen der han spelte inn heile filmen.

5. Låt den rätte komma in

Ikkje så mykje trengs seiast om Thomas Alfredsson sin left-field filmsuksess frå 2008. Den hadde runden på både store såvel som obskure filmfestivalar, men fekk kinopremiere i Noreg ein månad før filmfestivalen. FOR ein film!

4. Grindhouse (2007)

Denne double-bill-en av Planet Terror og Deathproof signert herrane Rodriguez og Tarantino seier seg sjølve. Fram til 2o10 var Os definitivt den festivalen i Noreg som kunne tilby den ultimate grindhouse-erfaringa. Seriøst, seta i Fjellheim knirka så høgt at dei av og til overdøyva filmen (om det var ein slik fransk, lågmælt type).

3. Thale (2012)

Thale er verkeleg vår greie: produktet av blodslit og fleire år med dugnadsarbeid, der alle har bidrege for å bære fram det kreative barnet. Og for eit resultat! Vi hadde vore reint beæra over å vere vertskap for premiera av denne filmen. Gå og sjå!

2. Folk ved fjorden (2011)

Folk ved fjorden av Øyvind Sandberg er så langt opp i vår gate som det er mogleg å kome. Ein drivande god dokumentar med kystkulturen på Vestlandet som bakteppe – eit av våre framste satsingsområde. Det lagast ikkje overdrivent mange filmar med dette temaet, så når noko slikt først dukkar opp, reknar vi med at det blir hjå oss. Men neida, denne debuterte hjå storebror BIFF – i det året vi ikkje arrangerte ordinær festival! Og så fôr den på kino, så dobbelt-usj for oss!

1. Trolljegeren

Det er nok inga bombe at Trolljegeren er nummer ein på lista. Folkeleg sjangerfilm som speler på folklore og tradisjonar, med ein vri – og signert vår eigen prodigale bygdeson, André Øvredal. No fekk vi heldigvis visa filmen til sist, på den måten den burde visast på, nemleg ute i skauen i eit tåkelagt steinbrot, og stolte var vi for dét. Men vi skulle så gjerne ha fått vist den aller først.

Her er den amerikanske versjonen av traileren for litt ekstra oomph:

Kva meiner du vi absolutt burde ha vore på hugget etter – del dine ønskjefilmar på filmfestivalen under!





Følg opp



Glitter og glamour ved fjordkanten

Gløym Cannes, gløym Berlin. Dette er den dagen i året då alle er stjerne for ein kveld.

GALLA OG PRISUTDELING Laurdag 28. april kl. 20:00 Mottaking på...

Programendringar

Her finn du oppdatert informasjon om program.

Somme stundar vert det endringar som vi ikkje kan gjera noko med. Dette beklagar vi, men...

Opningsdagen

Det vart ein kjensleladd opningsdag, med både Rolv Lyssand Bjørø sin film “Skyggelys”, og Luc Besson sitt filmportrett av Aung San Suu...