Trolljegeren i steinbrotet
Laurdag 19. november vart eit steinbrot i Ådnadalen på Os forvandla til utekino for ein dag. Då inviterte nemleg 60°N til utandørs visning av osingen André Øvredal sin suksessfilm TROLLJEGEREN. Leiinga i 60°N var nemleg tilstades under Amandaprisutdelinga under filmfestivalen i Haugesund, då TROLLJEGEREN mottok Folkets Amanda, prisen leiinga i 60°N ser på som den gjevaste av dei alle; her er det nemleg publikum og ikkje nokon profesjonell jury som har kåra vinnaren! Leiinga hadde ikkje kome heim til Os før planen om ei tilskiping for å feire Osbygda sin første Amanda var fødd. Inspirert av gratiskonserten for ORBO då han og bandet hanka heim Spellemannsprisen, visste vi at tilskipinga måtte vera gratis, og storslagen.
Fleire veker med planleggjing gjekk med berre for å finna den perfekte staden for visninga. Det einaste vi visste var at den skulle vera ute, og den skulle omkrinsast av den trolske naturen vi trur har hjelpt André å finna inspirasjon til filmen. Då vi endeleg fann det majestetiske knuseverket tok det ikkje lang tid før vi hadde mobilisert både næringslivet og kommunen for å vere med på feiringa. Med føding på gong måtte vi venta litt før ein overvelda André var klar for å koma heim, men 19. november trassa heile 500 osingar vêrgudane som hadde herja i kommunen i ei veke, og møtte opp i steinknuseverket på Ulven for å bivåna hendinga. André sjølv uttalte til lokalpressa at vel hadde han tidlegare vist filmen sin på ei rekke fancy-pantsy plassar, men den mest fantastiske visninga fekk han oppleva i heimbygda Os.
60°N takkar alle som hjalp til med å gjera denne tilskipinga til den klart beste kinoopplevinga i 2011, og vonar alle fekk meirsmak på festivalmoro!
One Response to “Trolljegeren i steinbrotet”
Følg opp
En fantastisk kveld! Dette var den beste visningen av filmen jeg noensinne har vært med på, og en stor ære å få oppleve noe slikt hjemme i Os. Tusen takk fra meg til alle som var med og hjalp til; publikummet, da spesielt trollene, dere som var frivillige, sponsorer, Os Kommune, Terje Søviknes og selvsagt alle i 60°N.
mvh
André Øvredal



English
Nynorsk
En fantastisk kveld! Dette var den beste visningen av filmen jeg noensinne har vært med på, og en stor ære å få oppleve noe slikt hjemme i Os. Tusen takk fra meg til alle som var med og hjalp til; publikummet, da spesielt trollene, dere som var frivillige, sponsorer, Os Kommune, Terje Søviknes og selvsagt alle i 60°N.
mvh
André Øvredal