Som svar på dei store hovudstadsforlaga sine svært lukka og svært fornemme haveselskab, arrangerer 60°N ei minst like fornem tilstelning
- open for alle!
Saman med Galleri Solbakkestova og ulike samarbeidspartnarar, har Solbakken Haveselskab vore ein populær og folkeleg hagefest i mange år. Festivalkokken vår Ørjan Setvik står for finare grillmat, og barn i alle aldrar får is og lesk. Fram til 1800 er haveselskabet familievenleg, medan snippen lausnar og barna sendast til barnevakten på kvelden. Ulike formar for underhaldning har bruka vere innslag, og filmfestivalen har gjerne brukt dette høvet til å annonsere komande hendingar eller spennande nyhende tilknytt festivalen. Det er uformelt hattepåbode for menn, elles er det inga kleskode utanom oppmodning til å kle seg laust og gjerne pent.
Solbakken Haveselskab er ei gratis tilstelning.


English
Nynorsk