Om 60°N Os internasjonale filmfestival
This post is also available in: English
Kontaktinfo
60°N
Postboks 244
5202 Os
+47 413 08 411
info@60n.no
http://60n.no
facebook.com/60n
twitter.com/60nfestival
60°N foreiner fjord- og filmkultur når det skipast til filmfestival i Os. Den går nemleg av stabelen bokstaveleg tala i fjordkanten, inne i det flunkande nye kunst- og kulturhuset Oseana. Men dette er ikkje festivalen som stenger vårsola ute – festivalen skal i aller høgste grad virke også utanfor kinosalen. Med seminar for bransje, filmfestar, filmquiz, barnefilmfest, galla og prisutdeling, og mykje, mykje meir, vil 60°N gjere Os om til eit Cannes, eller kanskje Berlin, i miniatyr. 60°N har røter tilbake den vidgjetne WT-festivalen, som etter ti år med rykte som den mest sjarmerande filmfestivalen i Noreg sette Os på filmkartet. Men med eit heilt nytt og moderne kulturutrykk i Os trong også filmfestivalen å fornya og modernisera seg. Difor er det med ny profil, nytt uttrykk og nytt tidspunkt at den internasjonale filmfestivalen i Os gjenoppstår. Arven vi tek med oss er den unike sjarmen og eksentriske eigenarten, glamour og folkelegheit hand i hand, og erfaringa om at ordet festival i sanning byrjer med fest.
Vår målsetjing er at Os framleis skal vere staden for den mest sjarmerande filmfestivalen i landet, samstundes som vi fornyar både uttrykk og omgjevnader. Velkomen til Os 21. til 28. april 2012!

English
Nynorsk