Der fjorden og kysten møtast

This post is also available in: English

“Jeg er konge i denne straalende, afgjemte verden, om kun for en dag. Konge for en dag!”

Dette skreiv O.W. Fasting i ei av dei fyrste turistskildringane frå Os, i 1905. Han sat på Solstrand og såg mot Folgefonna over Bjørnefjorden. Mange av dagens turistar er like fascinerte av den vakre naturen i Os, men avgøymt er ikkje bygda lenger. I tillegg til naturopplevingane, som mellom andre Fasting har skildra, kan bygda by på allsidige kulturopplevingar av høg klasse, og elles dei tenester både tilreisande og fastbuande treng. I Os kan ein oppleva fjorden, elva og fjellet, og ikkje minst eit utruleg vakkert og variert sjølandskap der fjorden og kysten møtest. Ein  kan rusla i det moderne bygdesenteret, som ber preg av å ha vakse fram frå den gamle strandstaden.  Du kan, som Fasting, vera konge for ein dag, eller fleire om du vil!

Frå Os kommune



Glitter og glamour ved fjordkanten

Gløym Cannes, gløym Berlin. Dette er den dagen i året då alle er stjerne for ein kveld.

GALLA OG PRISUTDELING Laurdag 28. april kl. 20:00 Mottaking på...

Programendringar

Her finn du oppdatert informasjon om program.

Somme stundar vert det endringar som vi ikkje kan gjera noko med. Dette beklagar vi, men...

Opningsdagen

Det vart ein kjensleladd opningsdag, med både Rolv Lyssand Bjørø sin film “Skyggelys”, og Luc Besson sitt filmportrett av Aung San Suu...